Ord rundt døypefonten

På fremste benkerad ligg eit lite barn i pappas armar og søv. Snart, vesle barn, snart blir du boren opp til døypefonten. Snart får du vatn på hovudet ditt, i namnet åt Faderen, Sonen og den heilage Anden. Kjem du til å vakna? Skrika? Eller sjå med store auge? For ein dag. Ein stor dag. Dåpsdagen din. Eg er presten som står ved døypefonten.  Eg er presten som byrgjar med å seia innleiingsorda til dåpen:  «I namnet åt Faderen, Sonen og Den heilage Ande», seier eg, «Med takk og glede tek kyrkjelyden imot deg  som i dag er komen  til Guds hus for å bli døypt».

Orda held fram, eg veit kva eg skal seia, eg døyper jo mest kvar søndag. Eg nærmar meg staden kor liturgien siterer Johannes evangeliet kapittel 3, vers 16 (Joh 3,16): «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv». Dåpsliturgien skrid fram. Samtidig vakar spørsmålet i bakhovudet: Skal eg lesa Joh 3,16 i dag? Eller er det best å gå vidare, rett til bøna?

Joh 3,16 er ein av dei skriftstadene som ikkje gir meg heilt fred. Eg klarer ikkje å « lesa i vei» og la det står til, heller ikkje klarer eg å hoppa over verset utan at det kjennest som om eg køyrer over ein hump.  Kva er det med desse orda: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv»?

Ein annan  lesetekst i samband med dåp av ungdom/vaksne er fortejingai Johannes evangeliet kapittel 3 om Nikodemus som kjem til Jesus om natta, og samtalar med Jesus om å bli fødd på ny. Dette er rammeforteljinga for Joh 3,16. Eg vil i det følgjande reflektera over korleis eg trur desse tekstane i Johannes evangeliet

kan bli mottekne av menneske i som høyrer desse orda bli lesne ut frå livs-, trushistorie og Gudsbilete. Eg vil også sjå på korleis desse skriftstadane kan vera til hjelp for å forstå dåpen og livet i dåpen. Vidare vil eg la desse tekstane vera kjelder til refleksjon rundt korleis presten ved døypefonten kan inkludera menneske med andre kulturelle og religiøse bakgrunnar i horisonten sin. 

For mange av lesarane og lyttarane kan orda frå Joh 3,16 og forteljinga om Nikodemus som kjem til Jesus om natta ulik status. Forteljinga av Nikodemus og Jesus kan kanskje vera lite kjend, medan  mange har høyrt og lært at Joh 3,16  er «den vesle Bibel» heilt frå barndommens oppvekst på skule, kyrkje og bedehus.

Minne og kjensler

Eg trur det går an å gå så langt som å seia at Joh 3,16 for mange er identitetsord som har følt med gjennom livet og ligg hjartra nær. Orda frå Johannes 3,16 triggar mange minne og mange kjensler.

For meg er Johannes 3,16 knytta til gamle Tor-fabror si stove. Her var ei klokke på veggen som tikka. Nydelege skap, skåler og skeier som Tor-fabror hadde skore ut i tre. Tor-fabror kunne fortelja. Han fortalde om då tyskarane kom til bygda under krigen. Det var spennande å høyra for ei lita jente som meg. Somme tider løfta han eit bilete med bokstavar og rame i gull og svart bakgrunn ned frå veggen. Eg følde mønsteret i rama med fingeren. Tor-fabror hadde eit høgtideleg uttrykk i stemmen då han las: «For så har Gud elsket verden at han gav sin Sønn, den enbårne, forat hver den som tror på ham, ikke skal fortapes, men ha evig liv».

 Mine første Joh 3,16 minne er gode minne. Dei luktar friskt treverk og  kaffi. Joh 3,16 smakar raud saft. Kva Tor fabror sa om Joh 3,16 minnest eg ikkje, men han formidla ei god tru, ei tru å høyra til i, ein Gud å be til, ein Gud som elskar. «For så høgt har Gud elska verda…» Det var første delen av Joh 3,16 som eg la merke til, som tok bustad i meg. Siste delen av dette verset kom eg vel aldri til.

Seinare var eg med  i kristne miljø som med stor iver skulle forklara Joh 3,16 for unge sinn. Minnet om biletet med bokstavar i gullskrift frå Tor-fabror si stove bleikna. Alvoret seig innover oss unge: Joh 3,16 viser oss at det er om å gjera å ikkje gå fortapt!  Eg kjende med redd. Dette er minne som har lagt seg oppå minne frå Tor-fabror si stove. Seinare har også teologiske studie kasta forklarande lys over emnet. Like fullt har eg oppdaga at Joh 3,16 dirrar i livet mitt og vekkjer motstridane minne og kjensler, som eg ber med meg når eg står som prest ved døypefonten.  

Snart kjem eg til den staden i liturgien kor eg må velgja: Skal eg lesa Joh 3,16 i dag, eller skal la vera?  Tru kva menneska i menigheten vil høyra i dag? Vil dei høyra Joh 3,16 som ord om Guds trufaste kjærleik, eller vil dei oppleva orda som skremande og bli redde? Kanskje er det nokon  i søndagens gudstenestefeirande menighet som ikkje har Joh 3,16 i ryggmargen og kjenslesystemet, men som høyrer skriftstaden for første gongen. Tru kva tankar og kjensler som melder seg hjå dei?

Kva høyrer du?

Jesus sa ein gong: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»[1]Alle som høyrer etter når presten les Joh 3,16 i samband med dåpen, høyrer at innhaldet er heftig. Her er orda elske, gi, tru, fortapt, evig, liv. Orda triggar.

Kjenslene som Johannes 3,16 vekkjer treng ikkje å vera eintydige. Mange har det sikkert som meg, at Joh 3,16 aktiverer trus-,  livshistorie og Gudsbilete, som menneske har fått med seg  gjennom livet heilt frå barndommen. Minna ligg lag på lag og triggar så ulike kjensler. Kjærleik, redsle, håp og raseri. Det er rom for dei alle. På same tida. I eit menneske. Rundt døypefonten. I kyrkjebenkene. Når eg som prest er klar over dette og tek det på alvor, kan eg ta stilling både til kva som står på spel og kva som er viktig å løfta fram for dåpsfamilien og den øvrige kyrkjelyden.

Joh 3,16 er for meg eit forstyrrande element for flyten i liturgien og i kontakten med kykrkjelyden, fordi eg har innsett at teksten kan vekkja minne og kjensler  som spelar på redsla for å falla utanfor Guds kjærleik. Vidare blir bibelordet lese inn i ein dåpskontekst kor det gjerne kan vera slik at den eine føresette reknar seg som kristen medan den andre ikkje gjer det. Kanskje er den eine føresette muslim eller buddhist. Kanskje er mange i dåpsfølgje muslimar eller buddhistar. Kva høyrer dei når eg som prest les: «så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv»?

For meg er det dei ekslusive trekka som ved første augekast melder seg i møte med Joh 3,16 som forstyrrer. Men må det vera slik?  Kva muligheter har eg som prest til å ha perspektiva og erfaringane som menneska ber på, både dei kristne og dei med andre trus-og livssyn, med i horisonten?

Spørsmål ein møter tekstar som Johannes 3,16 med er formande for kva ein finn av meining i tekstane. Like snart som å tenkja at dette verset handlar om "kven som ikkje skal gå fortapt", kan ein halda fram at dei sentrale spørsmåla er korleis Guds kjærleik gjer seg gjeldande, korleis ein kan forstå Guds rike, fortapinga og frelsa. Eg har naturleg nok ikkje mulighet til å gå inn i alt dette her, men presenterer nokre refleksjonar til deg som i lesande stund er med ved døypefonten.

Mange rom, mange flokkar

Mange tekstar i Bibelen og den dominerande kristne tradisjonen kan lesast som at Jesus er den einaste vegen til Gud. I møte med desse tekstane og tradisjonane er det viktig å peika på at ei meir inkluderande haldning også finnst både hjå tidlege kristne tenkjarar og i Bibelen. Eit eksempel er «Bergpreika» i Matteus evangeliet kap 5, kor Jesus lærer at dei er sæle, dei som er fattige, sørgjer, tørstar etter rettferd. Dei er ikkje berre sæle,dei er også Guds born: «Sæle dei som skaper fred, dei skal kallast Guds born». I teksten i Matteus evg 25, 31-46 kan ein også sjå ei opning for at dei er inkluderte, dei som er barmhjertige og handlar  når nokon lid, uavhengig av om dei bekjenner seg til Jesus eller ikkje. Eit anna eksempel er likninga om farisearen og tollaren i Lukas 18,9-14, kor tollaren blir «rettferdig», «frelst», ved si enkle bøn: «Gud, vær meg syndar nådig!».

I Johannesevangeliet, kor me finn Johannes 3,16 og andre tekstar som i alle fall ved første augneblinken kan synast nokså eksluderande, kan me lesa: «Lat ikkje hjartet dykkar uroast! Tru på Gud og tru på meg! I huset til Far min er det mange rom.» (Joh 14,1-2) og «Eg har òg andre sauer, som ikkje høyrer til denne flokken.» (Joh 10,16).

Eg opplever at dette er opnande ord som er gode å ha i mente, når eg som prest står rundt døypefonten og ventar på at dåpsbarnet snart skal komma fram saman med sitt samansette følgje av foreldre, fadrar, øvrig familie og venner. Orda om nestekjærleik, fred, dei mange romma i Fars hus og andre saueflokkar balanserer opp for ei lesing av Joh 3,16 som finn at ein må tru på Jesus for ikkje å gå fortapt. Det er Jesus sjølv som minner oss om at her er så mykje me ikkje veit! Me ser i ein spegel, i ei gåte. Det er livsvilkåra som alle menneske deler. Eg tenkjer at det bør gjera den enkelte audmjuke i forhold til å definera kven som er «Guds barn» eller ikkje. Dåpen handlar ikkje omå dra grensene opp mellom menneska i forhold til kven som er Guds barn. Dåpen er ei gåve til Guds barn. Til menneska som kjem.

«For så høgt har Gud elska verda..»

Som prest kan eg få halda fram dåpen og det å tru på Jesus som noko godt, ein ressurs i livet og for trua, utan at eg dermed uttaler meg om og degraderer andre trus- og livssyn. Eg kan få halda fram at det å høyra til i eit kristent fellesskap kan bidra til å forma ein trygg identitet i ei samansett verd. Og størst av alt: Eg kan få vitna om at alle som står rundt døypefonten og som føl barnet frå kyrkjebenkene er elska. Uansett kven du er, korleis livet er. Ja, så høgt elska er me alle, at Gud gav son sin og han var som oss: Liten som dåpsbarnet, tenåring som tante, vaksen som pappa. Joh 3,16 fortel om ein Gud som blir menneske med alt som det inneber av gleder, sorger, tillit, svik og liding. Ja, Gud veit heilt frå innsida kva det vil seia å vera menneske, heilt ned i den djupaste, einsame einsemda. Frå korset ropte Jesus, Gud og Guds son «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlete meg?». Det er det mest hjarteskjerande ropet eit menneske kan ropa: Eit mørkt, nake, einsamt rop.

Joh 3,16 vitnar om ein Gud som ikkje er langt unna skapinga si, men som er som oss. Gud veit alt om å vera menneske, om å vera sårbar, ute av stand til å redda seg sjølv, om å vera anleis, fattig, i fare. Gjennom Jesu liv og død møter me ein Gud som blør, saman med menneska og for vår skuld. Ja, så høgt eska Gud verda at han vart med oss inn og ned i fortapinga, inn i alle einsame rom, inn i alle svik og depresjonar, alt det vonde eit menneske kan oppleva. For all tid står det for oss: Me er ikkje åleine. Gud kjenner oss. Du og eg, me er ikkje fortapte. Alle er me elska.  

Guds kjærleik har gitt oss alle livet og kjenner ingen grenser. Det er ved denne kjærleiken at me lever og er til.

Eg er presten som seier at dåpsbarnet no kan komma opp, med foreldre og fadrar. Vesle dåpsbarn, du ber deg ikkje sjølv. Gudmor ber deg opp. Eg er presten som tek imot deg. Du ser. Eg ser. Du er liten. Eg er stor. Tenk alt som ventar deg i livet. Alt som du skal sjå. Du vil sjå alle romma og alle flokkane som finst. Det er så fint og spennande. Du har mykje å oppdaga! Men dette kan du vita: Du treng ikkje å gå kvilelaust rundt og leita etter ditt rom og din flokk. Du er ikkje huslaus. Du er forankra i Guds kjærleik. Her, ved døypefontens glitrande dåpsvatn, høyrer du til. Ja, her kan du vera deg sjølv, henta styrke og mot til å leva. Me vil ta imot deg i foventning og kjærleik, og be: Må du få bli trygg nok til å elska og lytta til både deg sjølv og menneska som du vil møta på din veg.

Møte

I tillegg til Joh 3,16 kan ein i samband med dåp av ungdom/vaksne lesa dei innleiande versa i Johannes evangeliet kap 3, om Nikodemus som kjem til Jesus om natta:

Prest: Jesus seier at vi blir fødde på nytt i dåpen:

Lesar:  Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane.  2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.»  3 Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.»  4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?»  5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd.  7 Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’  8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.»  9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. (Joh 3, 1-8)[2]

For meg er dette ei forteljing om eit Møte. To menneske med ulike posisjonar og roller i samfunnet møtest. Nikodemus er rådsherren, Jesus forkynnaren. Johannes evangeliet konstruerer jødane som Jesu motstandarar, som ofte konfronterer Jesus. Opplevinga mi av Nikodemus er at han ikkje først og fremst er skriven inn i evangelia for å konfrontera Jesus, men at han kjem til Jesus fordi han er nyfiken og vil få vita frå Jesu eigen munn kven han er og kva han tenkjer. Me kan i Joh 3 lesa ein dialog mellom dei to, kor Nikodemus verkeleg spør etter og føl opp det som han ikkje forstår. Eg synest Nikodemus sine spørsmål er så gode. Det er vanskeleg å forstå dette som handlar om å bli fødd på ny.

Kontakt

Kjem Nikodemus nokon gong til å forstå kva Jesus meiner? Er det viktig å forstå? Eg synest ikkje at det viktigaste i teksten er korvidt Nikodemus forstår alt det som Jesus seier, men at det er kontakt mellom desse to ulike menneska. Kontakten og samtale kan hindra at tette skott av fordommar får bygga seg opp mellom menneske som gjerne har ulik kulturell og religiøs bakgrunn, kanskje er i ulike samfunnslag og som ikkje kjenner kvarandre personleg.

Så lenge det er kontakt er det håp, uansett kor store skilnadane og usemja måtte vera. Bryt forbindelsen forsvinn sjansen til å høyra den andre sine tankar og meiningar  og dermed  mulighetene til å finna løysingar når det blir konflikter og problem. Slik er det: Me må vera i dialog,  i respektfull samtale! Og det for harde livet. Når fordommar får festa seg og hardna grepet, truar dei helse, fridom, ja, liv.

Den undersøkjande, respektfulle dialogen er viktig å jobba for både i møte med andre religionar, og i møte med andre kristne. Kristne les den same boka, men forstår sentrale omgrep og ritual på så ulike måtar. I denne teksten har Joh 3,16 vore opp til samtale. Kva høyrer du og kva høyrer eg når orda kling: «For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv»?

Nikodemus kjem til Jesus om natta. Kva tyder det, å bli fødd på nytt?

Vinden bles dit han vil

Nikodemus spør, Jesus svarar. Det tredje kapitlet i Johannes evangeliet fortel ikkje mykje om korleis Nikodemus reagererer på svara Jesus gir, me blir ikkje kloke på korleis Nikodemus forstår Jesus. Jesus sine svar blir lengre og lenge utover kapitlet, og etterkvart forsvinn Nikodemus ut teksten.

Kanskje får me litt meir inntrykk av kva møtet med Jesus har betydd for Nikodemus litt seinare ut i Johannes evangeliet? Ja, for han dukkar opp att i Joh 7, 50-52. Her kan me lesa at overprestane og farisearane ville gripa Jesus. Då fortel Johannes evangeliet at Nikodemus, «ein av deira eigne, han som før ein gong hadde kome til Jesus», sa: «Lova vår dømmer vel ikkje eit menneske utan forhøyr, før ein har fått vita kva han har gjort?»Endå ein gong møter me Nikodemus i Johannes evangeliet. Det er i kapittel 19, i versa 38-42. Jesus er død, Josef av Arimatea tek ned Jesus sin kropp, og Nikodemus er med: Også Nikodemus var der, han som kom til Jesus første gongen om natta. Han hadde med seg ei blanding av myrra og aloe, omkring hundre pund. 40 Då tok dei Jesu kropp og sveipte han i linklede med den angande salven, som skikken er ved gravferdene til jødane.

Me får ikkje vita alt, men me får vita nok til å forstå at møtet med Jesus har gjort inntrykk på Nikodemus. Han tek til ordet for at Jesus ikkje skal bli dømt utan forhøyr, det er hans salve som dei smører på Jesus sin kropp etter at Jesus er død.

Nikodemus, du med spørsmåla og blandinga av myrra og aloe. Er du som meg- og oss- me som stadig undrar: Kva meinar du, Jesus? Kva tyder det du seier for den enkelte og for våre fellesskap? 

Det er heilt greitt om me ikkje skjønar alt Jesus gjer og seier. I evangelia møter me ein Jesus som veit at sjølv hans næraste ikkje forstår. Når han vaskar føtene til læresveinane i Johannes 13, seier Peter til han: «Herre, vaskar du mine føter?». Jesus svarar: «Det eg gjer, forstår du ikkje no, men du skal skjøna det sidan». Fleire gonger seier Jesus: «Dette skjønar de ikkje no, men ein dag skal de forstå».

Kva var det Nikodemus såg, kva var det han forstod?

Nikodemus får meg til å tru at vinden og Anden bles dit han vil og rører ved menneskehjarto, uansett om me reknar oss for å vera  jøde, grekar, kristen eller muslim.

Håp

Det er lettare sagt enn gjort å gå heilt naturleg, med vanlege steg. Ikkje for lange, ikkje for korte skal stega vera,  ikkje for langsamt, ikkje for fort skal du gå. Og ryggen? Ikkje for rak, ikkje for krum. Passe. Vanleg. Alt skal sjå vanleg ut.

Han gjekk i den mørke gata. Sjølvsikker nok til å gjera rett på å gå gatelangs nattestid, men likevel forsiktig. Han var på veg. Undervegs til han somme kalla Meister, andre ikkje ville vita av.

I si fine kappe av ull og lin stod Nikodemus i døra. Jesus sat i skinet av oljelampe og stearinlys. «Jesus», sa Nikodemus.  «Nikodemus», sa Jesus.

Nikodemus, rådsherre og lærd, sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han» Var det ein påstand? Eit spørsmål? Var det ei undring? Kva ville han, Nikodemus?

Jesus såg rett på han. Blikket varmt og utfordrande. «Sanneleg, sanneleg eg seier deg, sa han: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» Det var rart å vera hjå Jesus. Han sa så merkelege ting. Han sa andre ting enn det som var gjengs i miljøet for rådsherrar og lærde. 

«Korleis kan ein som er gammal, bli fødd?», sa Nikodemus, «ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?»

Jesus svarte: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.» Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. Undra deg ikkje over at eg sa til deg: De må fødast på nytt.»

Kva kunne han seia, den lærde Nikodemus? Kva skulle han sjå etter?

Han forstod det knapt sjølv. Men slik var det: han ville høyra den framande snakka. Han ville forstå ein mann som han ikkje forstod.

Og dette var det som om ein vind song om i Nikodemus sitt hjarte: Det er noko meir i livet enn det som er synleg for det blotte auga. Å få augo opp for dette er å bli fødd på ny. Våg å høyre! Våg å sjå! Eit nytt liv ventar, sjølv for ein gammal kropp. Slik er Guds rike.

Nikodemus gjekk tilbake i natta, tilbake til huset sitt, det kjende. Men noko var på ein annan og ny måte.

Somme tider hender det. Du møter eit anna menneske og alt blir annleis. Det er som om eit ljos blir tent på ei kveike du knapt visste fanst. Livet kan halda fram. Livet kan ta til.

 

Kjelder:

Andrew Wingate: Celebrating Difference, Staying Faithful. How to Live in a Multi-Faith World. Darton, Longman and Todd 2005

Kajsa Ahlstrand Vagar en oppen religionsdialog. Verbum

The Gospel og John. Sacra Pagina

[1] Mark 4,9

[2] I dåpsritualet er det Joh 3, 1-5 som vert sitert. I denne refleksjonen synes teg det har relevans også å ta med vers 6-8.

Kontakt

Oslo og nasjonalt:

KD@kirkeligdialogsenter.no
Tlf: 41 55 50 63

Bergen:

Marianne@kirkeligdialogsenter.no
Tlf: 95 80 69 20

Stavanger:

KDS@kirkeligdialogsenter.no
Tlf: 90 75 25 99

Bottom